- 1/4
- 2/4
Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea - 3/4
Kristin Akslen Hagen - 4/4
Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea
Aurbu var kjøleskåp før kjøleskåpet vart oppfunnen, stabbur før dei fyrste stabburstrappa vart reist i dalen. Aurbua vart bygd delvis nedsenka i terrenget og på skuggefulle stader. I aurbua vart det lagra ting som skulle stå kaldt og relativt rått – med andre ord som eit slag tidleg kjøleskåp.
Namnet aurbu skriv seg frå at golvet var av jord – lokalt kalla aur. Jordgolvet bidrog til å kjøle ned rommet på varme sommardagar, og til at det ikkje vart for kaldt om vinteren.
I tunet på Ullinsvin Vågå prestegard har vi fylt aurbua med historiske gjenstandar og tidlaus smaksrikdom frå driftige lokalmatprodusentar. I gardsbutikken i Ullinsvin er du hjarteleg velkomen til å forsyne deg av dei varene som er for sal.