- 1/1
Beite, bruk og berekraft
Beite, bruk og berekraft
Gudbrandsdalsmusea er i startgropa med eit nytt prosjekt: Beite, bruk og berekraft. Hovudmålet med tiltaket er å restaurere og ta vare på gamle naturbeitemarker og setermiljø, formidle kunnskap om kulturlandskapet til barn og unge, og å sikre leveområde for trua artar.
Unikt miljø
Gudbrandsdalsmusea og avdelinga Jutulheimen bygdemuseum i Vågå kommune er innfallsport til eitt av landets mest verdifulle kulturlandskap – Nordherad. Her finst naturkvalitetar av internasjonal verdi, og området er peika ut som eitt av dei mest særprega kulturlandskapa i landet. Nordherad omfattar tre naturreservat og er definert som eit utvalt kulturlandskap (UKL) for jordbruket i Noreg. Ein viktig del av kulturlandskapet i dette området er setermiljøet, som gradvis har gått attende – og som no er kome på UNESCO si verdsarvliste. Nordherad er òg kjend som eitt av dei siste leveområda for fleire svært sjeldne artar, som alle er i ferd med å forsvinne. Problematikken er godt dokumentert av biologar og forskingsmiljø, mellom anna frå Universitetet i Oslo og Biofokus.
Nordherad er òg kjend som eitt av dei siste leveområda for fleire svært sjeldne artar.
Prosjektet
Gudbrandsdalsmusea ønskjer å ta eit større samfunnsansvar for kulturlandskapet, både om den historiske bruken, og formidlinga av denne til nye generasjonar gjennom konkrete og praktiske tiltak. I 2026 går museet og prosjektleiar Audun Heier i gang med naturrestaurering i Jutulheimen og i andre utvalde område. Under tittelen Beite, bruk og berekraft skal vi arbeide med fleire praktiske tiltak, mellom anna aktiv beiting med bruk av beitedyr, tynning, hogging, lauving, slått, gjerding og fleire andre tiltak som kan vere med å tilbakeføre dei historiske landskapa.
Vi ynskjer å løfte fram viktige forskjellar – til dømes ulike beiteplantar på ulike høgder, variasjonar i fôrkvalitet gjennom året, og korleis beitedyra kan følgje det beste beitet oppover mot fjellet utover sesongen. Gamal kunnskap kan kombinerast med ny teknologi og gi nye moglegheiter innan beitebruk og skjøtsel, til dømes bruk av Nofence, som er ei virtuell inngjerding av beitedyr. Vi legg opp til involvering gjennom deltaking i arbeidet, kurs og samlingar, både for unge og vaksne.
Vi ynskjer å fylgje endringane i landskapet i samarbeid med fotokunstnarar, som igjen blir ei større fotoutstilling om landskap i endring.
Gudbrandsdalsmusea har mål om å vidareutvikle Jutulheimen til eit møtepunkt for nettopp kulturlandskap i samarbeid med andre, relevante miljø og organisasjonar – regionalt og nasjonalt. Beite, bruk og berekraft skal vere eit positivt inspirasjonsprosjekt: Målet er å styrke medvitet og kunnskapen om kulturlandskapet hjå mange – elevar i skulane, hjå gardbrukarar, forskingsmiljø, naturforvaltarar og styresmakter.
Gudbrandsdalsmusea ynskjer å ta eit aktivt samfunnsansvar i arbeidet med kulturlandskap, attgroing og naturrestaurering.
- 1/1
Beite, bruk og berekraft
Gjennomføring
Tiltaka er mange, og dei blir gjennomført i fleire fasar:
Restaurere gamal naturbeitemark på tre stader: Jutulheimen bygdemuseum, Ullinsvin Vågå prestegard – som ligg vis-a-vis Jutulheimen bygdemuseum, og setermiljøet på Nødre Nistingen, til slik dei var i eldre tider. Gjennom prosjektet skal vi arbeide for å bevare fleire trua artar i kulturlandskapet. Tiltaka skal involvere fagmiljø lokalt og nasjonalt – og frivillige. Prosjektet vil trekke til seg natur- og kulturinteresserte museumsbesøkande, i tillegg til turistar på vandring i kulturlandskapet.
Områda skal brukast som ein læringsarena og eit utstillingsvindauge for museet. Her skal vi legge til rette for aktiv deltaking gjennom, til dømes konkrete ryddeprosjekt, og elles lære om kulturlandskap, attgroing og rydding. Områda ligg i gangavstand frå skulane i Vågå, noko som gjer det enkelt med elevdeltaking i arbeidet.
Arrangere biologiske og historiske vandringar i kulturlandskapet for barn og unge i ulike aldrar. Samarbeidspartnarar er Vågåmo barneskule, Vågåmo ungdomsskule, Jotunheimen privatistskule i Lom, Universitetet i Oslo, Vågå historielag, Nordheradsprosjektet og UKL Nordherad.
I samarbeid med historielag og andre miljø arrangerer vi kurs i tynning, rydding og framkøyring med hest. Vi lærer om treslag, skogskjøtsel og ny forvalting av skogen og utmarka – med eit så redusert menneskeleg avtrykk som mogleg.
Gjennomføre eit case-arbeid gjennom ein innovasjonscamp for utvikling av Jutulheimen som formidlingsarena for bevaring av kulturlandskapet, i samarbeid med Ungt Entreprenørskap (UE), elevar frå Vågå ungdomsskule og Kulturlandskapssenteret i Hjartdal.
Gjennomføre analysar for å studere fôrkvalitet og dyras val av beiteplantar i ein forlenga vekstsesong frå 1. april til 1. november, og i ulike høgder (meter over havet) i kulturlandskapet. Kunnskapen ynskjer vi å dele med landbruket og dei unge.
Gudbrandsdalsmusea ynskjer å ta eit aktivt samfunnsansvar i arbeidet med kulturlandskap, attgroing og naturrestaurering – og skal legge til rette for fleire nasjonale samlingar og seminar, i samarbeid med andre, relevante miljø og organisasjonar – regionalt og nasjonalt.
Kulturen står i dialog med naturen. Difor ynskjer vi å dokumentere endringane i landskapet i samarbeid med ein fotokunstnar og ein forfattar, som kan sette ord på endringane. Målet er ei større fotoutstilling om landskap i endring – og med lansering sommaren 2027.
Prosjektet gir barn og unge kunnskap og praktisk erfaring, og skapar stoltheit i bygda.
Kvifor er dette viktig for nærmiljøet?
Prosjektet Beite, bruk og berekraft er eit unikt tiltak og tilfang i dei norske musea. Kulturen står i dialog med naturen. Kulturlandskapet i Nordherad har internasjonal verdi og sikrar leveområde for trua artar – slik det òg er med å forme kulturen og livet til dei som bur her. Prosjektet Beite, bruk og berekraft skal styrke lokal identitet, kulturarv og berekraftig bruk av ressursane i landskapet. Prosjektet gir barn og unge kunnskap og praktisk erfaring, og skapar stoltheit i bygda. Støtte frå Sparebankstiftelsen gjer det mogleg å gjennomføre eit omfattande og samfunnsnyttig arbeid.
- 1/1
Beite, bruk og berekraft