Hopp til hovudinnhald

Beltebil – eit teknisk kulturminne

Beltebilens dag har i ei årrekkje vore arrangert på Høvringen. Av omsyn til villreinen, vart arrangement frå vinteren 2023 lagt til Gålå og Skåbu. 

Beltebilen har ein sentral plass i utvikling av vinterturismen i fjellet. Ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i alle fjellstrøk som tek imot gjester vinterstid. Beltebilen er viktig både historisk og i dag. Og i samband med utbygging og vedlikehald av kraftanlegg i fjellheimen har beltebilen vore av stor betydning.

Velkommen til ei karavane med historiske køyretøy der pionertida, historier, hendingar og utviklinga blir formidla. 

I Sikkilsdalen er beltebil ein føresetnad både for kongelege gjestar og andre vinterturistar den dag i dag. Skåbu er og utgangspunkt for transport til dei store vasskraftanlegga i Vinsterfjellet. Vidare er ruta lagt via Espedalen til Fefor – for å markere reiselivsnæringa som har eksistert og utvikla seg i området gjennom heile det 19. hundreåret. Ei viktig næring i Gudbrandsdalen og Fjell-Norge, som har nytta beltebil til transport av varer og folk.

Undervegs er det stopp med formidling av historie og tradisjonar både på Ruten og Dalseter. På Fefor er polfarar Scott sine utprøvingar av motorsleder i forkant av ekspedisjonen til Sørpolen ei av landets aller eldste historier med beltekøyretøy på snødekt mark.

Turen går vidare til Gålå med open publikumsdag på skistadion. Ved Fagerhøy var også beltebilen ein føresetnad for vinterdrift i mange år, før det vart brøyta veg så langt til fjells.

Det blir overnatting på Fefor og Gålå, med beltebilhistorie lokalt og frå andre stader, og om teknisk utvikling frå tidleg på 50-talet til moderne tid. Slik kunnskap er sentralt for å ta vare på denne kulturarven.

Beltebilhelga samlar entusiastar til triveleg utveksling av kunnskap og erfaringar. Slik blir ein rik og spanande kulturarv halde levande og ført vidare.

  • Beltebil
    1/4
  • Beltebil
    2/4
  • Beltebil
    3/4
  • Beltebil
    4/4

Beltebilhelg

Påmelding

Skjema for påmelding kjem etter kvart!

Kontakt

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2