Hopp til hovudinnhald

Beredskap for framtida

Kva gjer vi når matkrisa bankar på døra?

Sel bibliotek Gudbrandsdalsmusea
01. april 2025
18.30 – 20.30

Tysdag 1. april står beredskap i fokus på Sel bibliotek. Anders og Barbro Nordrum er grunnleggjarar av bloggen og føretaket Datsja. Sofia Maria Bang Elm, saman med Gudbrandsdalsmusea, kjem for å snakke om prosjektet Grøne røter.

Ein datsja er ein landstad der dei austeuropearane i sovjettida dyrka og avla fram delar av maten sin. Innbyggjarane var i stor grad prisgjeve eigen kunnskap om mat og matproduksjon.

Dagens Datsja så dagens lys i 2015. Sidan då har Barbro og Anders drive kunnskapsformidling både gjennom blogg, kurs og foredrag. I 2021 gav dei ut boka Beredskapshagen, slik får du mat ut av plenen, i samarbeid med dottera Maria.

Målet med arbeidet er å bidra til styrka eigenberedskap og vise gjennom erfaring og bilete korleis plenar kan bli til fruktbare kjøkkenhagar. 

Lesja bygdemuseum har i 2025 planar om å etablere av ei større grønsakshage på museet – i samarbeid med Sofia Maria Bang Elm frå Avdem Gardsgrønt. Prosjektet har fått namnet Grøne røter. Prosjektet – om det finansielle kjem på plass – vil bli utforma som ein læringsarena med lett tilgjengelege bed, pedagogisk tilrettelagt informasjon og engasjerande aktivitetar for born i alle aldrar. Prosjektet skal også inkludere opne arrangement der museets besøkande, familiar og frivillige kan delta i ulike aktivitetar, lære om dyrking og få innsikt i forskjellige jordbruksteknikkar.

Sofia har lang erfaring med både grønsakdyrking og formidling. Ho er agronomutdanna frå Sogn jord- og hagebruksskule, og har drive marknadshage på Lesja sidan 2017. Ho har halde mange foredrag og kurs og inspirert mange til å starte eigne marknadshagar rundt om i landet. Våren 2024 etablerte Sofia, i samarbeid med fleire frivillige, ein enkel hage på Lesja bygdemuseum.

Tid og stad: tysdag 1. april klokka 18.30 til 20.00
Stad: Sel bibliotek
Arrangørar: Sel bibliotek – i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea
Påmelding: Send e-post til: biblioteket@sel.kommune.no

  • Barbro og Anders Nordrum
    1/2
    Privat
  • Sofia Bang Elm
    2/2
    Knut Aastad Bråten
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2