Hopp til hovudinnhald

Tøff arbeidsplass - eineståande kulturminne

Industrihistoria er ein sentral del av kulturarven og har i Sel etterlate seg djupe spor i kulturlandskapet.

Utvinning av kleberstein har spela ei viktig rolle i Gudbrandsdalen heilt frå vikingtida og inn på 1900-talet.  

På 1600-talet tek dei til å hente ut kleber, skifer og kopar i berget ved Rusthøe i Sel kommune. Kleberstein er ein mjuk bergart som lett kan skjerast i med kniv. Steinen er samstundes svært varmebestandig. Difor var han nytta til gryter og andre gjenstandar i hushaldinga. 

Bergverkssenteret og kulturstien ved Rustgruvene syner fram noko av kunnskapen vi har om bergverk og steinindustri i området. 

Ei utstilling på Sel bibliotek presenterer i tekst, foto og gjenstandar Sel kommune sin geologi og industri knytt til skiferdrift, koparverk og klebersteinsdrift. Du finn også ei mineralsamling knytt til geologien i regionen. 

Det er etablert ein seks kilometer lang kultursti med 18 informasjonstavler knytt til dei gamle kopargruvene på Rusthøe. Stien tek til ved parkeringsplassen på Rustom rett aust for Otta sentrum. 

Gjennom eit registrerings- og dokumentasjonsprogram søkjer Gudbrandsdalsmusea å dokumentere, ta vare på og formidle spora etter bergverks- og industrihistoria i regionen.

Gudbrandsdalsmusea har etablert eit samarbeid med Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg og er med i bergsverksnettverket som del av det nasjonale museumsnettverket. 

  • Sagflaten
    1/4
  • Sagflaten
    2/4
  • Sagflaten
    3/4
  • Sagflaten
    4/4

Arrangement Otta Bergverksenter

Opningstider og anna

Måndag: 12.00–19.00
Tysdag: 10.00–16.00
Onsdag: 10.00–16.00
Torsdag: 12.00–19.00
Fredag: 10.00–16.00
Laurdag: 10.00–14.00 

INNGANG
Gratis  

TILKOMST
Sel bibliotek, Johan Nygårds gate 17A, 22670 Otta 

KONTAKT
Sel bibliotek
biblioteket@sel.kommune.no
911 76 884 

Kontaktpersonar

Besøk Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2