Hopp til hovudinnhald

Nybyrjarkurs | Biletvev

På kurset lærer du å setje opp ein rammevev, i tillegg til grunnleggjande teknikkar i biletvev.

NB! Arrangementet har funne stad
Ullinsvin Vågå prestegard
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
17. jan. 2026
10.00 – 15.00

Alt du treng å vite om kurset: 

Kurslærarar: Sigrid Seim Lysne og Anne-Lise Tøfte.
Tid: Oppstart laurdag 17. januar klokka 10.00 til 15.00. Vidare seks tysdagskveldar frå klokka 18.00 til 21.00. Siste kurskveld er 10. mars.
Stad: Hovudhuset i Ullinsvin Vågå prestegard.
Utstyr: Kurslærarane/Vågå husflidslag har biletvevramme til utlån, og gratis garn til å veva ein prøvelapp.
Pris: Medlem i Noregs husflidslag: 2150 kr. Ikkje-medlemmer betalar kroner 3000. 

Velkommen på kurs!

Arrangørar: Vågå husflidslag og Gudbrandsdalsmusea

Kurset inngår i eit større prosjekt: Hekneveven, i regi av Lillehammer Museum Maihaugen. Sommaren 2026 opnar ei større utstilling på Maihaugen om dei gamle biletvev-tradisjonane i Gudbrandsdalen. I samarbeid med Gudbrandsdalsmusea blir det arrangert kurs i biletvev, foredrag og markvandringar. Alt med tema om biletvev!

  • Biletvev
    1/1
    Ukjent