Hopp til hovudinnhald

Bli med på dugnadslaget!

Dugnadsarbeid er gleda av å hjelpe andre – og utvikle seg sjølv. Ta del i triveleg lagarbeid som gjev nyttig kunnskap på vegen vidare i livet!

  • Friviljuge
    1/1
    FELLESSKAP: Ta del i meiningsfullt samarbeid til beste for bygda, museet og Gudbrandsdalen. Foto: Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea

I dei småe stovene syner friviljuge fram tradisjonskunnskap av alle slag: steiking av lefser og flatbrød, av tynnkake og skrivarbrød. Andre lagar sopelime eller driv med treskjering, dei strikkar og broderer – eller dei demonstrerer korleis ein kniv blir til. Om vinteren er friviljuge viktige ressursar i arbeidet med digitalisering og tilgjengeleggjering av historiske foto.

Friviljug innsats er kulturlivet sitt DNA. Dugnadsinnsatsen er avgjerande for gjennomføringa av kulturaktivitetar av alle slag.

Bakgrunnen for deltakinga i friviljug arbeid varierer. Dugnadsarbeid er gleda av å hjelpe andre – slik det òg er med på å utvikle ein sjølv og gjev nyttig erfaring og kompetanse på vegen vidare i livet. Det ligg mykje danning og sjølvutvikling i dugnadsarbeid, når ein får anledning til å hjelpe andre utan krav om motytingar av noko slag. Nytten av dugnadsarbeidet går difor båe vegar – som friviljug yter du ein innsats som gjev deg sjølv mykje attende.

Vil du vere med som friviljug i Gudbrandsdalsmusea?

Her er alle som vil bidra, velkomne, uansett om du vil bidra litt eller mykje, er erfaren eller heilt fersk.

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2