Hopp til hovudinnhald

50 % fast stilling

Vil du vere med å vidareutvikle bygningsvernarbeidet i Gudbrandsdalen?

Gudbrandsdalsmusea søker etter bygningsvernrådgjevar i ei nyoppretta 50 % fast stilling, med moglegheit for utviding. 

Stillinga som bygningsvernrådgjevar er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea, kommunane i Midtdalen og Norddalen og Innlandet fylkeskommune.

Kontorstad er på Dale-Gudbrands gard på Hundorp, men arbeidsstad vil vere i alle kommunane i regionen. På Dale-Gudbrands gard er også Pilegrimsenter Dale-Gudbrand, som er ei konsolidert eining i museet. 

Bygningsvernrådgjevaren inngår i seksjon for bygningsvern, og elles i kollegialt samarbeid med resten av fagmiljøet i museet. Museet har i dag ein bygningsvernrådgjevar i 100 % stilling. 

Gudbrandsdalsmusea søkjer deg med eit sterkt engasjement for kultur- og bygningsarv. Du har relevant bygningsteknisk bakgrunn, er praktisk og løysingsorientert, erfaring med prosjektarbeid eller anna leiararbeid, godt nettverk, er initiativrik, sosial og utoverretta. 
 
Samarbeid og samhandling står høgt på agendaen i museet, både internt og med andre aktørar og miljø – lokalt og nasjonalt. Du er dyktig på bygging av tillit og gode relasjonar, både med andre tilsette, friviljuge, lag og andre miljø. Du likar å motivere og spele andre gode, i tillegg til sjølv å dra ein stor del av lasset. 

ARBEIDSOPPGÅVER

  • gje råd og rettleiing til eigarar av freda og verneverdige bygg, utarbeiding av tilstandsvurderingar og bistand i søknadsprosessar.
  • formidle kunnskap om antikvarisk bygningsarbeid gjennom kurs, temamøte, skular og media, samt delta i bygningsvernrådgjevarnettverket i Innlandet.
  • gje faglege innspel og vurderingar som grunnlag for vedtak overfor kommunane, Innlandet fylkeskommune og Riksantikvaren.
  • gje råd og rettleiing til kommunane.
  • vere ein del av Gudbrandsdalsmusea sitt faglege nettverk innan antikvarisk bygningsvern.
  • noko ettersyn med dei antikvariske bygningane i museet.

VI SØKER EIN PERSON

  • med relevant utdanning innan antikvarisk handverk/bygningsvernrelaterte fag på høgskule eller universitetsnivå. Dokumentert erfaring kan erstatte utdanningskravet.
  • med handverkskunnskap og erfaring frå istandsettingstiltak.
  • med kjennskap til planarbeid/byggesaksbehandling.
  • med relevant praksis frå arbeidsfeltet og som kan jobbe sjølvstendig.
  • som er fleksibel, strukturert, utoverretta, serviceinnstilt og løysingsorientert, med gode samarbeidseigenskapar.
  • som har gode digitale kunnskapar og ferdigheiter.
  • som har god skriftleg og munnleg formuleringsevne. Arbeidsspråk er norsk.
  • som har førarkort klasse B og disponerer eigen bil.

VI TILBYR

  • 50 % fast stilling.
  • løn etter avtale.
  • fleksibel arbeidstid.
  • pensjonsordning gjennom KLP.
  • stillinga er omfatta av Offentlegheitslova og søkarlista er offentleg.
  • eit ope og triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein sentral og viktig kulturinstitusjon.
  • kontorstad på Dale-Gudbrands gard / Hundorp 

SØKNADSFRIST

  • 1. mars 2026

FOR SPØRSMÅL

Direktør Knut Aastad Bråten / 907 68 79 / knut.aastad.braten@gudbrandsdalsmusea.no

Om Gudbrandsdalsmusea

Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen. Museet formidlar kunnskap om både materiell og immateriell kulturarv gjennom arkiv og utstillingar, kurs og foredrag. Presthaugen | Lom bygdemuseum i Lom i Gudbrandsdalen er ein av fleire avdelingar i Gudbrandsdalsmusea. 
 
Kulturarven er levande. Gudbrandsdalsmusea er eit kulturelt samlingspunkt og ein møteplass for eit mangfaldig publikum. «Vern gjennom bruk» er ein berande strategi. Museet skal løfte kulturarven opp og fram gjennom at publikum sjølve kan ta del, til dømes gjennom kurs og foredrag, utstillingar og konsertar. 
 
Gudbrandsdalsmusea bidreg til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling av museet og samfunnet gjennom internasjonale, nasjonale og eigne konkrete mål og satsingar.
 
Det er i 2025 13 tilsette i Gudbrandsdalsmusea. Dei tilsette er fordelte på avdelingar rundt om i heile Gudbrandsdalen og nokre prosjektstillingar. 

Oppdag Gudbrandsdalsmusea