Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Eventyr i Canada

NB! Arrangementet har funne stad
Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
25. feb. 2026
19.00 – 21.00

31 dagar i ukjend villmark.

Denne kvelden kjem murudølen Pål Atle Fagerli og vil fortelja om sitt livs eventyr i Canada. «3. juli 2023 tok eg mine fyrste padletak frå indianarlandsbyen Whati i Nordvest-territoria i Canada».

630 kilometer og 31 dagar seinare kom Fagerli fram til Deline – den einaste busettinga ved Store Bjørnesjø. Gjennom urørt villmark, langs slyngande elver og nærmøte med bjørn og ulv, gav turen han minner for livet.

I foredraget fortel han om dragninga mot canadisk villmark, og kva rolle Helge Ingstad og hans læremeister Hjalmar Dale har hatt for Fagerli si friluftsinteresse.

Kvifor vel nokon å reise ut i det ukjende?

Pål Atle Fagerli deler tankar kring planlegging, gjennomføring – og ikkje minst ettertanken ein slik tur gir.

Stad: Jutulheimen, Vågå          
Tid: 19.00        
Pris: 100 kroner inkludert kaffi og biteti
Arrangør: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea

  • Pål Atle Fagerli
    1/1
    Privat