- 1/1
Knut Aastad Bråten
Museumsutvikling
Carving out a space
Carving out a space er eit nytt nettverk blant norske museum. I nettverket skal vi utforske nye måtar å formidle kunnskap på – på tvers av formidlingsformer, disiplinar og sektorar.
Fleire med
Nettverket er støtta økonomisk av Kulturdirektoratet, og blir drive av Randsfjordsmuseet i samarbeid med fleire andre: Nasjonalmuseet, Nobels Fredssenter, Transtad Samlinger/Nasjonalt Senter for Outsider Art, Perspektivet Museum, Høgskolen i Østfold/Akademi for Scenekunst, Oslo Museum, Randsfjordmuseet, NTNU, Kristiania- Høgskolen og fagskolen – og Gudbrandsdalsmusea. Frå Gudbrandsdalsmusea deltek Kirsten Visdal og Knut Aastad Bråten.
Er det mogleg å formidle kulturarven på andre nyskapande måtar?
Ny kunnskap
Prosjektet har som mål å utvikle permanente strukturar for samhandling mellom museumsfeltet, forskarar og studentar. Spørsmål som vi løftar – og diskuterer – kan vere: Korleis engasjere fleire, nye grupper og miljø inn i formidlingsarbeidet? Er det mogleg å formidle kulturarven på andre nyskapande måtar – måtar som gjev varige spor og som kan avle fram ny kunnskap, ny forsking? Slike ting.
Med Carving out a space ynskjer vi å utvikle permanente strukturer for samhandling mellom museumsfeltet og forskarar og studentar. Gjennom å forankre teoretisk kunnskap i ein praktisk museumskvardag vil prosjektet løfte fram nye perspektiv og ny kompetanse.
Tittelen på prosjektet «Carving out a space» understrekar behovet i sektoren for å lage eit metaforisk rom der desse møta kan finne stad, på tvers av kunnskapar, geografi og institusjonstypar. Strukturer der ulike kompetansar kan kome i kontakt, og der vi kan utvikle metodar for det som er det særeigen ved den einskilde institusjon.