Hopp til hovudinnhald

Vandring i tusen år

Garden Dale-Gudbrand på Hundorp har vore eit knutepunkt i over tusen år, og er det framleis for vandrande pilegrimar på veg til Nidarosdomen i Trondheim.

  • Pilegrim
    1/8
  • Formidling DNT Ringebu
    2/8
  • DNT på tur i Sel
    3/8
    Per Gunnar Hagelien
  • Pilegrimer
    4/8
    Per Gunnar Hagelien
  • Dale-Gudbrand
    5/8
  • Sør-Fron kyrkje
    6/8
    Knut Aastad Bråten
  • Sør-Fron kyrkje
    7/8
    Knut Aastad Bråten
  • Sør-Fron kyrkje
    8/8
    Knut Aastad Bråten

Pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands gard gjev informasjon om vandreruter, enkel overnatting med sjølvhushald for pilegrimar og organisering av vandringar langs Gudbrandsdalsleden frå Lillehammer til Sel.

På senteret er det gardsbutikk som sel pilegrimsartiklar og lokalproduserte varer og bøker. Pilegrimsenteret har eit eige pilegrimskapell.

Pilegrimssenter Dale-Gudbrand gir oppdatert informasjon om Gudbrandsdalsleden: 

Vandreetappar
Attraksjonar
Overnatting
Serveringsstader
Butikkar
Transport

Dale-Gudbrands Gard er ein av to tusenårsstader i Innlandet fylke. Ein tur etter kulturstien – tusenårsstien – gjev deg moglegheit til å lese meir om kulturminna og historia her. Eit steinkast frå Dale-Gudbrands Gard ligg Sør-Fron kyrkje, eller Gudbrandsdalsdomen, som den òg blir kalla. Kyrkja er verdt eit besøk. 

Ifylgje Snorre Sturlason møttest kong Olav Haraldsson og hersen Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021. Møtet resulterte i at dølane med Dale-Gudbrand i spissen tok imot kristendommen. På garden er det fleire gravhaugar og spor frå mellomalderen. Gudbrandsdalsmusea gjev omvising for grupper på bestilling.

Pilegrimssenter Dale-Gudbrand er konsolidert med Gudbrandsdalsmusea. 

Arrangement i Gudbrandsdalsmusea

Opningstider og anna

SOMMAR 10. JUNI TIL 1. SEPTEMBER            
Alle dagar: 08.00–18.00 

VINTER 1. SEPTEMBER TIL 9. JUNI    
Vekedagar: 09.00–16.00, eller etter avtale 

OVERNATTING
Pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands Gard har overnatting med sjølvhushald for kroner 350,- per person. Delt dusj og toalett. Gratis internett. Vaskemaskin.

TILKOMST
Pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands Gard, Hundorpgeilen 12, 2647 Sør-Fron

 

Utstillingar i Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2