Hopp til hovudinnhald

Eldhuset –
Lom bygdemuseum

Bryllaup, dåp, konfirmasjon eller anna sosialt lag? Eldhuset i
Presthaugen i Lom bygdemuseum er ei fin ramme om store
hendingar i livet.

Eldhuset

Å lage mat over open eld har lange tradisjonar i Nord-Gudbrandsdalen, og er å sjå på som ein viktig del av kulturarven vår. Eldhuset kan leigast av friviljuge og kommersielle aktørar. Privatpersonar har diverre ikkje anledning til å leige bygget. Lom kommune (til dømes skule og barnehage) og Lom heimbygdslag har gratis leige. 

Eldhuset er utstyrt med:
Stor eldplass med bålgrill utandørs
Innandørs bakstomn
Kjøkenfasilitetar

Alle leigetakarar må sjølve halde kol/ved til bålgrillen. Eldhuset skal vere vaska og reingjort etter bruk. Ynskjer du å tinge vask, er det eit påslag på 600 kroner på leiga.

  • Eldhuset
    1/1
    Visit Jotunheimen

Leigeprisar

Lom kommune (til dømes skule og barnehage) og Lom heimbygdslag har gratis leige av Eldhuset. 

Friviljuge lag og organisasjonar: 

Innanbygds frå Lom: 500 kroner kvar dag
Utanbygdes: 1000 kroner kvar dag 

Reiseliv og andre kommersielle aktørar:

Bedrifter i Lom: 1000 kroner
Bedrifter utanbygdes: 2000 kroner

Tilkomst

Presthaugen – Lom bygdemuseum, Brubakken 12, 2686 Lom. Museet ligg rett bak Norsk fjellsenter.

Kontakt

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2