Dobbel kveldsseto. Denne kvelden vil tradisjonsbærar og kunnskapbank Steinar Moldal fortelje om to tema:
Gamle Finna bru:
Brua vart bygd i Vågå i 1868 og tener i dag som gangbru over Mesnaelva på Lillehammer. Brua over Finna hadde eit spenn på 29 meter, oppført av trekonstruksjon med to fagverk samanbunde med gangbane og overbygning med skråtak over fagverka. I 1937 vart brua flytta frå Vågå og oppført som gangbru over Mesnaelva sør for Stampesletta i Lillehammer. Dette fordi vegen skulle utvidast gjennom sentrum i Vågå. Steinar Moldal har i lag med fleire andre i bygd fleire indentiske bruer i nyare tid. Mellom anna på Dokka. Steinar Moldal har med seg ein modell av brua, som han vil syne fram denne kvelden.
Skog, tre og materialkunnskap:
Steinar Moldal vil og ause av kunnskapen sin om skog, tre og generell materialkunnskap.
Inngang: 100,- inkl. kaffe og biteti