Velkommen til ein fullpakka dag med seterlivet i fokus. Du kan få med deg mellom anna dette:
Kl. 11:00 Ysting med Per Sevald Hyrve
Kl. 12:00 Setermusikk singalong-konsert: Karin Kolterud, svensk/norsk folkesongar og lokkar, kjem til Finndalen med sin inspirerande pedagogikk i ein konsert der du som gjest er delaktig. Karin er tradisjonsberar etter bestemor Anne frå Etnedal og har for dagen med seg Magnus Kolterud på fleire ulike instrument. Bli med på en guida tur i den vakre tonaliteten frå stølslivet.
Kl. 13:00 Historietime med Hans Gubhage
Kl. 14:00 Toradarmusikk
Aktivitetar for born: Hesteskokasting, djurklutkasting, mjølkespannhalding og binding av blomsterkrans
Kveldsstell for alle som vil vere med
Sal av seterkost
///
Når: Sundag 12. juli frå klokka 11:00 til 19:00
Adresse: Gupphågåsætre, Finndalsvegen 404
Kostnad: Gratis – du betalar berre for setermaten
Seterdagen i Finndalen er ein av fire seterarrangement denne sommaren. Sjå kalendaren for fleire seteraktivitetar!
Velkommen – store og småe!
- 1/4
Bortelaget | Fredrik Kleppe - 2/4
Bortelaget | Fredrik Kleppe - 3/4
Knut Aastad Bråten - 4/4
Knut Aastad Bråten