Hopp til hovudinnhald

Der folk og fjell møtest

Norsk fjellsenter formidlar bruken av fjellet frå førhistorisk tid til våre dagar med brearkeologiske funn til oppdatert klimakunnskap frå vår tid.

  • Norsk fjellsenter
    1/8
    Kristoffer Thuestad
  • Norsk fjellsenter
    2/8
    Live Andrea Sulheim
  • Norsk fjellsenter
    3/8
    Live Andrea Sulheim
  • Norsk fjellsenter
    4/8
    Live Andrea Sulheim
  • Norsk fjellsenter
    5/8
    Live Andrea Sulheim
  • Norsk fjellsenter
    6/8
    Live Andrea Sulheim
  • Norsk fjellsenter
    7/8
    Cathrine Dokken
  • Norsk fjellsenter
    8/8
    Cathrine Dokken

Norsk fjellsenter ligg midt i Lom sentrum, og midt mellom tre nasjonalparkar – Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Senteret arbeider med fjellet og menneska – og bruken av fjellet i førhistorisk tid. Halvparten av alle brearkeologiske funn i verda er funne kring fjellsenteret i Nord-Gudbrandsdalen. Sommaren 2023 opna ei heilt ny utstilling der ny kunnskap om bruk av høgfjellet blir formidla.  

Gjenstandar, datering av desse og kombinasjon av kunnskap gjev oss eit større bilete av korleis fjellet har vore brukt i tidlegare tider. Om jakt og fangst. Om ferdsel og handelsruter og varer som vart frakta til og frå fjellbygdene. Om metodar for å koma seg fram, og kva som var med i eit reisefylgje. Eit unikt innblikk i denne spanande historia får du ved å besøke Norsk fjellsenter i Lom. 

Norsk fjellsenter driv Klimapark 2469 ved foten av Galdhøpiggen – med den spektakulære istunnelen der du som gjest får vandre inn i 7000 år gamal is. Framover vil Norsk fjellsenter utvikle konseptet Fjellviten for betre overvaking av klimaendringar i høgfjellet.

Fjellsenteret har eigne samlingar og er delkonsolidert med Gudbrandsdalsmusea. Næraste nabo er Presthaugen – Lom bygdemuseum.

Arrangement i Gudbrandsdalsmusea

Opningstider og anna

SOMMAR
21. JUNI TIL 17. AUGUST
Kvardag: 09:00–19:00

18. AUGUST TIL 12. OKTOBER
Kvardag: 10:00–16:00
Helg: 10:00–15:00

HAUST
13. OKTOBER TIL 17. NOVEMBER
Onsdag til fredag: 10:00–15:00

10. NOVEMBER TIL 15. MAI
Måndag til fredag: 10:00–15:00

VINTER/VÅR
7. OKTOBER TIL 16. MAI
Onsdag til fredag: 10:00–15:00

19. MAI TIL 20. JUNI
Kvardag: 10:00–16:00
Helg: 10:000–15:00

INNGANG SOMMAR
Vaksen: 145,- 
Familie: 345,-(to vaksne og tre barn under 18 år)
Student/honnør: 120,- 
Born 4 til 18 år: 95,-
Born under 3 år: Gratis!

KONTAKT
post@norskfjellsenter.no
61 21 16 00

Mai Bakken / dagleg leiar 
mai@norskfjellsenter.no
971 80 469

TILKOMST
Brubakken 2, 2686 Lom

 

Utstillingar i Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.03.06
Grunnstilsett-versjon: 2