Hopp til hovudinnhald

Kurs | Folkemusikk og folkedans

Er du mellom null og 100 år, og har lyst til å lære deg torader eller trekkspel? Eller kanskje du har spelt litt gitar før, og vil lære å kompe? Uansett tidlegare erfaring og kompetanse er du velkomen på seminar i Vågå.

NB! Arrangementet har funne stad
Villa Vågå Hotell Ullinsvin gamle prestegard
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
12. okt. 2024
10.30 – 16.30

På Landsfestivalen 2024 vann folkemusikarar frå Vågå ei rekkje klassar under tevlinga. No stiller mange av desse musikarane opp som instruktørar for nye folkemusikkspirer frå null til 100 år ein heil laurdag. Det blir mykje låting og læring. Ope for alle!

Instrument og instruktørar

Torader | Inge Gjevre
Trekkspel | Mads Erik Odde
Dans | Kjærsti Gangsø
Kontrabass | Gro Visdal
Gitar | Svein Ove Brun

Oppmøte: Vågå Villa Hotell kl. 10:30
Lunsj: 13:00
Middag: 16:30
Samspel og dans: Kvelden og natta
Gratis påmelding: lillebra@online.no / 952 30 711
Frist: 1. oktober 2024
Hugs: Oppgje om du har spelt før slik at vi får tilpassa opplæringa til ditt nivå.

Arrangør: Vågå Trekkspelklubb og Gudbrandsdalsmusea

  • Folkemusikkurs
    1/1
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2