Hopp til hovudinnhald

Foredrag | 200 år med utvandring

Velkommen til kveldsforedrag med Terje Hasle Joranger og Arnfinn Kjelland.

NB! Arrangementet har funne stad
Dovre bibliotek Gudbrandsdalsmusea
22. sep. 2025
18.00

I år er det 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. I perioda 1825 til 1920 valde over 800 000 nordmenn ei lang og farefull ferd over Atlanteren i håp om eit betre liv.

Foredrag med Terje Joranger om norsk utvandringshistorie. Joranger arbeider ved Anno Norsk utvandrarmuseum og ved Universitetet i Innlandet. Han har gjeve ut fleire publikasjonar om norsk utvandring og samfunnsbygging i USA. Foredraget vil ha både ei nasjonal og ei lokal forankring.

Arnfinn Kjelland frå Lesja historielag seier litt om bygdebøker som kjelder til utvandringa, og kva vi finn i Lesja-bøkene.

Når: 22. september klokka 18.00
Kvar: Dovre bibliotek, Sentralplassen 3 C, 2660 Dombås
Kaffi og servering: Ja!
Pris: Gratis!

Arrangør: Dovre bibliotek i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea og historielaga i Dovre og Lesja.