Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Harald Sunde | Beredskap for framtida

Rundt om i verda er det krig og uro. Born og vaksne blir jaga på flukt. Gamalt tankegods og mørke ideologiar er på frammarsj i land nær oss.

Otta kulturhus Gudbrandsdalsmusea
20. feb. 2025
19.00 – 21.00

Korleis mobiliserer vi oss i ei tid der universelle verdiar står på spel? Kva gjer vi for å sikre demokratiske tradisjonar i ei tid der autoritære og fiendtlege regime er på frammarsj?

Velkommen til eit foredrag om verda og verdiar med Harald Sunde – tidlegare general i Hæren og Norges forsvarssjef. Sunde har lang fartstid og stor kunnskap om krig – og fredsarbeid, og han har engasjert seg breitt i tema om samfunnstryggleik, kulturminnevern og matsikkerheit. Dei siste åra har han leia Totalberedskapskommisjon, som på oppdrag frå regjeringa, har vurdert korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogleg.

Etter foredraget blir det kaffi og biteti – før vi opnar opp for spørsmål frå salen.

Føredraget er støtta økonomisk av Fritt Ord.

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea – i samarbeid med Gudbrandsdal krigsminnesamling. 

  • Harald Sunde
    1/1
    Trond Lillebo / Hamar Arbeiderblad
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2