Føredragsserien ser slik ut:
Tysdag 11.februar: Tunstugu, Lesja bygdemuseum / Lesja
Onsdag 12. februar: Norsk fjellsenter / Lom
Torsdag 13. februar: Dale Gudbrands gard / Sør-Fron
Arrangementa er gratis.
Gjennom meir enn 500 000 år har store flokkar av vandrande rein halde liv i menneska når veret var som tøffast. Eit titals gonger pressar kulde og brear menneska saman i små istidsrefugiar, og kvar gong er det reinen som blir fortæra i lyset av flammande bål.
I dag trugar ei stadig varmare klode og tap av leveområde til at reinen i dag står i fare for å forsvinne heilt. Nå er det den som treng hjelp frå menneska. Det er tid for rollebyte i fjellet.
Menneske og rein er som organismar flest. Dei kan reagere på endringar i miljøforhold på tre ulike måtar; dei kan bevege seg til nye område, tilpasse seg dei nye miljøforholda eller døy. Historia om menneska og reinen inneheld døme på alle desse.
Den første reinsjegeren vil i iveren etter å tilpasse seg miljøforholda utslette seg sjølv, men gi opphav til to nye artar reinjegerar. Den eine – neandertalaren - vil ikkje greie å tilpasse seg miljøforholda, og døyr. Den andre – det moderne menneske - vil ikkje bere tilpasse seg miljøforholda, den vil i stor grad også endre miljøforholda.
Og det er det dei neste 500 000 åra vil handle om – og det er det dette foredraget handlar om.
Reidar Andersen, født 1953 i Namsos, bur i Trondheim og har vore professor i biologi ved NTNU, direktør for Statens naturoppsyn, og direktør for NTNU Vitenskapsmuseet. Han har skrive ei rad populærvitskaplege bøker med naturfagleg tematikk.
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Norsk fjellsenter og Villreinarven