Hopp til hovudinnhald

Foredrag | Edvin Espelund

Korleis tek vi vare på dei gamle handverkstradisjonane – og kven skal føre dei vidare?

Øygarden, Sel Gudbrandsdalsmusea
12. juli 2026
18.00 – 19.00

Edvin er heidøl, 72 år, og har arbeidd med grov- og grannbygging i meir enn 50 år. Med utdanning frå Hjerleid innan snikkarfag og treskjering, arbeid ved Maihaugen og fleire år på oppdrag for Riksantikvaren, har han eit unikt innblikk i norsk byggjeskikk, restaurering og laftetradisjonar.

Gjennom foredraget deler han erfaringar frå eit langt yrkesliv, frå arbeid som handverkar og lærar til etableringa av lafte- og restaureringsfirmaet Stokk & Stein. Eit sentralt tema vil vere utdanning og rekruttering av nye handverkarar innan lafting og restaurering – og kvifor dette arbeidet er viktigare enn nokon gong.

Det blir også opna for samtale og meiningsutveksling med publikum mot slutten av foredraget.

Vel møtt til eit engasjerande møte med tradisjonshandverk, kulturarv og levd erfaring

Kvar: Øygarden, Sel sundag 12. juli klokka 18.00
Pris: Gratis!

Klokka 19.00 same kveld er det konsert med Aasmund Nordstoga – også det på Øygarden. Sjå eige oppslag.

Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea, Fortidsminneforeininga i Norddalen og Øygarden kulturgard

Velkommen!

  • Edvin Espelund
    1/1
    Knut Aastad Bråten