Mykje fint er sagt om veving. Lyrikaren Olav H. Hauge seier det slik frå samlinga Under bergfallet:
Eit menneskeliv
er ein vev, voven
av ukjende hender:
Truskuld
i barnehjarta,
strålande draumar
i ungdoms hug.
Veven har inspirert diktaren – og kunstnaren. Isfrid har kunstutdanninga si frå Gerrit Rietveld akademiet i Nederland, og ho har tidlegare budd og jobba i Amsterdam. Ho har òg studert handvev ved Weefakademie Sytze Roos. Isfrid jobbar primært med trykk, veving, teikning og tekst. I dag er ho lærar på handverksskulen Hjerleid.
Inngang: 100 kr – inkludert kaffi og biteti.
Når:
Tysdag 10. februar klokka 18.00: Ullinsvin, Øvre Nordheradsvegen 4, Vågå.
Onsdag 11. februar klokka 18.00: Gammelbanken, Nordre Byre 9, Vinstra.
Torsdag 12. februar klokka 19.00: Husflidskjellaren, Jakup B. Klukstads veg 44 B, Lesja.
Kvelden er eit samarbeid mellom Lillehammer Museum Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea, Fron Husflidslag, Vågå Husflidslag og Husflidslaget på Lesja.
Velkommen!
- 1/2
Ukjent - 2/2
Oktawian Gornik