Hopp til hovudinnhald

Foredrag | Gunvor Nervold Antonsen

Gudbrandsdalsmusea
30. juli 2026
19.00 – 20.30

Velkomne til foredrag med kunstnaren Gunvor Nervold Antonsen i utstillinga SPOR/TRE

Når: Torsdag 30. juli 
Kvar: Utstillinga SPOR / TRE i Kvernvegen 2 i Vågå
Pris: 100 kr inkludert kaffe og biteti


// 


Med eit eksperimentelt, energisk og grovskore formspråk utforskar Gunvor Nervold Antonsen samfunn og eksistens, ofte med ei personleg og lokal forankring. Kreftene i naturen, råskap og syklusar er i konstant samspel i det kunstnariske uttrykket hennar.

Nervold Antonsen arbeider òg med litterære tekstar og performative lesingar – åleine og saman med andre, til dømes i prosjekta Vi er margen (2019) og I meg finnes du (2026). Ho samarbeider også med musikarar i framføring av eigne tekstar, som i Fra samtaler med (2023), Lyset i din kropp (2024) og I meg finnes du (2026).

Gunvor Nervold Antonsen er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, og ho har stilt ut mellom anna i Kunstnernes Hus, Trondheim kunstmuseum, Kunstnerforbundet, Lillehammer Kunstmuseum og Bomuldsfabriken Kunsthall. Ho er innkjøpt til Nasjonalmuseet, KODE, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Regjeringskvartalet, Noregs Bank og Utanriks-departementet, og ho har skapt offentlege verk for fleire institusjonar.

I Vågå viser ho verk frå seriane De fleksible (2022–2023), skulpturar i gran og ask, utført i samarbeid med Erik Pettersen, og ein måleri-installasjon frå Spring Burial (2014).

Utgangspunktet for De fleksible er samtalar over tid mellom kunstnaren og menneske som har levd utsette liv. Ut frå samtalane skapte Nervold Antonsen ei biletforteljing som formidlar makt og avmakt, og som bestod av fleire enorme tekstile montasjar, skulpturar og relieff i tre, og dessutan eit lydverk med forteljingar frå menneska ho hadde samtala med. Det heile vart vist på Kunstnernes Hus i 2023.

To av skulpturane er i Vågå, to monumentale menneskefigurar. Røft skorne ut med motorsag av heile stammar i gran og ask er dei berarar av synlege sår og sprekkar. Merka etter motorsaga i figurane er spor etter den kunstnariske prosessen og synleggjer at kunsten, som mennesket, går gjennom kampar. Det grove og formlause i uttrykket forsterkar ideen om elastisitet og å vera tøyeleg. For Nervold Antonsen handlar det om mennesket si unike evne til å strekke seg og tilpasse seg.

Eit mål for Gunvor Nervold Antonsen er å føre saman motsetningar – det materielle og det immaterielle, vekst og forfall. Råskapen i uttrykket er heilt sentral, både i det tekniske, i materialane og i utføringa.

Gunvor Nervold Antonsen bur og arbeider i Rollag i Numedal.

Velkommen!

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea / Ullinsvin

  • Prosjektet Spor / Tre
    1/1
    Pressefoto