Hopp til hovudinnhald

Foredrag | Handel og tekstile varer

Velkommen til eit foredrag om handel og tekstile varer med Kristin Gulbrandsen frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Lesja bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
11. mars 2026
18.30 – 20.00

Dei norske folkedraktene utgjer eit stort og variert materiale. Feltarbeid og registrering av gamle plagg gjev oss stadig ny kunnskap. Materialane som er brukt, kan fortelja oss noko om forholdet mellom heimeproduksjon og handelsvarer. Materialkvalitetar kan også fortelja mykje om kva tidsrom eit plagg har vore i bruk.
 
Kristin Gulbrandsen arbeider som fagkonsulent ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho arbeider særleg med rekonstruksjon, der drakthistorie, bindingslære og materialkunnskap er viktig for å kunne tolke det gamle materialet på ein god måte.

Når og kvar: Lesja bygdemuseum, Tunstugu, onsdag 11. mars klokka 18.30
For kven: Alle
Foredragshaldar: Kristin Gulbrandsen
Pris: Gratis

Foredraget markerer også startskotet for eit større registreringsarbeid av gamalt bunad– og draktmateriale i Lesja i mai.

Kvelden er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Lesja bygdekvinnelag og Husflidslaget i Lesja.

Velkommen!

  • Kristin Gulbrandsen
    1/1
    Anne-Marte Før
  • Lasskøyring
    1/1
    Ingunn Bakken