Hopp til hovudinnhald

Foredrag | Lesjing i tysk krigsfange

John Botheim stod midt i kampane under den andre verdskrigen. Velkommen til eit fordrag om krig og fortid, om lokalhistorie og ei verd i brann.

NB! Arrangementet har funne stad
Gudbrandsdalsmusea
03. des. 2025
19.00 Lesja bygdemuseum
04. des. 2025
19.00 Jutulheimen/Vågå

Den 10. desember 1942 banka sikkerheitspolitiet på døra hos John Botheim på Sygard Botheim i Lesja. Frå då og til krigen var over, var han tysk krigsfange i mellom anna Grüne og Schildberg.

Botheim var kaptein og kompanisjef, bonde, ordførar – og ein av dei største og mangslungne personlegdomane i Lesja si moderne historie. I dag er John Botheim gløymd. I siste utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen kan du lese ein større tekst om Botheim – skrive av journalist og forfattar Egil Ulateig.

Når og kvar:
Lesja bygdemuseum: Onsdag 3. desember klokka 19.00
Jutulheimen/Vågå: Torsdag 4. desember klokka 19.00
For kven: Alle
Foredragshaldar: Forfattar og journalist Egil Ulateig
Pris: 100 kroner, som inkluderer kaffi og biteti

Velkommen!

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea

  • John Botheim
    1/1
    Privat