Stadig fleire gardbrukarar vel bort seterdrifta. Det er eit tap med mange konsekvensar, ikkje minst for landbruket sjølv. Med det høge tempoet i nedlegginga av seterkulturen er ein fleire hundre år gamal praksis og kulturtradisjon i ferd med å forsvinne.
Setring er ein del av den immaterielle kulturen. Noreg har ratifisert UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven. Ratifiseringa av han er ei viktig godkjenning av kulturarven og stiller krav om at Noreg skal sikre arven for framtida, og at det blir etablert ein politikk og eit system for korleis dette skal gjerast.
Knut Ola Storbråten har tidlegare arbeid i Ottadalen forsøksring i Skjåk og er godt kjent i dei øvste område i Gudbrandsdalen. I dag jobbar han som konservator i Anno Museum på Kongsvinger. Eit av spesialområda hans er seterkultur og seterdrift. Gjennom arbeidet på Skålbergsetra i Nord-Odalen fortmidlar han viktig seterkultur gjennom heile sommaren. Knut Ola er også styreleiar i Norsk Seterkultur. I Presthaugen fortel han om seterdrifta og kva som skal til for å sikre og styrke den for framtida.
Kvar: Glømsdalsstugu, Presthaugen, Lom
Når: Laurdag 19. juli klokka 12.00
Pris: Gratis!
Velkommen!
Arrangement: Gudbrandsdalsmusea
- 1/4
Knut Aastad Bråten - 2/4
Knut Aastad Bråten - 3/4
Knut Aastad Bråten - 4/4
Knut Aastad Bråten