I foredraget får vi lære om dei samiske språka, situasjonen dei står i og kva utfordringar dei står overfor. Det vert òg samiskopplæring til glede for dei språkinteresserte.
Trond Tynnøl kjem frå garden Nordpå-Tynnøl på Lesja og har budd i Tromsø sidan 2018. Han tek for tida ein bachelorgrad i nordsamisk språk og litteratur ved Universitetet i Tromsø og har tidlegare studert informatikk, russisk og nordiske språk.
Foredraget er i samarbeid med Saemien Sijte / Sørsamisk museum og kultursentrum på Snåsa.
Inngang: Gratis for alle som har løyst billett til Lesja bygdemuseum.