Hopp til hovudinnhald

Frivilligfest på Stor-Kolstad

I regi av Lesja bygdemuseum Venneforeininga startar frivilligåret med ein kick-off, prisutdeling og konsert. Velkommen!

Gudbrandsdalsmusea
10. mai 2026
19.00 Stor-Kolstad

Det blir konsert med Bankvelv, bar & snacks og ei heidundrande feiring av dei frivillige i bygda vår.

Når: 10. mai klokka 19.00
Stad: Stor-Kolstad, Romsdalsvegen 1474, 2665 Lesja
Pris: Medlem av Venneforeininga går gratis. Ikkje-medlem: 250 kroner. Du kan òg bli medlem for 150 kroner i døra

Bankvelv er ein duo beståande av Heidi Kvelvane på saxofon og akkordion og Symre Taugbøl Bang på gitar og hardingfele. Repertoaret er avgrensa til springar og rull frå Vestlandet. Dei har gått grundig til verks og lært alle slåttane i meistertradisjon på hardingfele og trekkspel fyrst, før deihar overført og arrangert for saxofon og gitar. Resultatet er leikne improvisasjonar i hendene, med den originale danseslåtten i hovudet. På konserter presenterer dei begge variantar, noko som inviterer publikum inn i overføringsarbeidet.

Arrangør: Lesja bygdemuseum Venneforeininga

  • Bankvelv
    1/1
    Bankvelv