Hopp til hovudinnhald

Dugnadsfest | Lesja bygdemuseum

Kjære deg som har delteke med dugnadsarbeid på bygdatunet i år: Takk for innsatsen og arbeidet! 

NB! Arrangementet har funne stad
Lesja bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
24. sep. 2026
19.00

Frivillig arbeid er kulturlivets DNA. Dugnadstimane de legg ned er avgjerande for i det heile å skape og gjennomføre kulturarrangement og andre tiltak. Difor inviterer vi til dugnadsfest. Vi ynskjer å takke dykk for arbeidet og innsatsen. 

//

Kvar: Tunstugu/Lesja bygdemuseum
Når: Torsdag 24. september frå klokka 19.00
Mat: Rømmegraut, spekemat og hardbrød. Etterpå blir det kaffi og marsipankake
Påmelding: silje.grande.paulsen@gudbrandsdalsmusea.no eller mobil 980 12 312 innan 17. september

Underhaldning med Benjamin Aas på munnharpe og seljefløyte
Talar og gode ord

Velkommen til ein fin kveld!

Arrangør: Venelaget på Lesja Bygdemuseum og Gudbrandsdalsmusea

  • Slåttedag på Lesja bygdemuseum. Slåttebas: Narve Tveiten.
    1/1
    Knut Aastad Bråten