Med prosjektet SPOR / TRE tek Gudbrandsdalsmusea eit djupdykk ned og inn i bygningsarven i Gudbrandsdalen. Målet er å løfte medvitet om bygningsarv som ressurs og kjelde – til vidare inspirasjon. Vi ynskjer å gje rom for auka refleksjon og styrka kompetanse om bygningskultur og bygningsarv, ikkje minst som drivkraft for ein lokal identitet og tilhøyr. Gudbrandsdalsmusea skal i løpet av det neste året arrangere fire besøk til ulike gardar i Gudbrandsdalen.
Gardsbesøk Hågån i Skjåk
Når: 18. september, klokka 17.00 til 20.00
Kvar: Nordberg Solside 45, 2690 Skjåk
Vertsskap: Hans Hagen
Påmelding: havard.syse@gudbrandsdalsmusea.no
Program:
// Velkommen
// Om Hågån | Hans Hagen
// Om verdien av vern | Knut Aastad Bråten
// Om istandsettingsarbeidet i Hågån | Håvard Syse
// Kaffi og biteti
// Vandring til Øvre Bruheim
// Takk for i dag!
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea