Glømsdalsstugu
Historiske Glømsdalsstugu i Lom bygdemuseum er ei flott rame kring store feiringar eller rolege lag. Stugu ligg som del av det historiske tunet i Presthaugen, sentralt i Lom.
Det heiter seg at Glømsdalsstugu vart reist av ein friar som hadde lova prestedottera i Vågå det finaste huset i Lom om ho ville gifte seg med han. Bryllaup vart det og friaren heldt ord – med handverk du kan beundre i Presthaugen i dag. Så kostbar var Glømsdalsstugu å byggje, at bonden laut selje unna halve garden for å betale for brudebustaden.
Det vart lenge sagt at bonden endåtil hadde lagt sølvmyntar mellom stokkane i Glømsdalsstugu. Men då bygget vart fløtt til Presthaugen, viste det seg at det berre var mose mellom stokkane. Om brura visste dette, er uvisst.
- 1/1
Knut Aastad Bråten
- 1/4
Knut Aastad Bråten - 2/4
Knut Aastad Bråten - 3/4
Knut Aastad Bråten - 4/4
Knut Aastad Bråten
Leigeprisar
Kvardagar: 1000 kroner
Helgedagar: 1500 kroner
Tilkomst
Presthaugen – Lom bygdemuseum, Brubakken 12, 2686 Lom. Museet ligg rett bak Norsk fjellsenter.