Hopp til hovudinnhald

Krigsskodeplassen

Dei hardaste kampane under den andre verdskrigen i Sør-Noreg fann stad i Kvam, då tyskarane og britane braka saman i aprildagane 1940.

  • Gudbrandsdal krigsminnesamling
    1/8
    Knut Aastad Bråten
  • Gudbrandsdal krigsminnesamling
    2/8
    Knut Aastad Bråten
  •  Gudbrandsdal krigsminnesamling
    3/8
    Knut Aastad Bråten
  •  Gudbrandsdal krigsminnesamling
    4/8
    Knut Aastad Bråten
  • Gudbrandsdal krigsminnesamling
    5/8
    Knut Aastad Bråten
  •  Gudbrandsdal krigsminnesamling
    6/8
    Knut Aastad Bråten
  • Gudbrandsdal krigsminnesamling
    7/8
    Knut Aastad Bråten
  • Gudbrandsdal krigsminnesamling
    8/8
    Knut Aastad Bråten

Gudbrandsdal krigsminnesamling er ei unik minnesamling om desse hendingane, krig, okkupasjon og forsvar i Gudbrandsdalen.

I utstillinga er det gjenstandar, bilete og kart som viser kva som hende dei dramatiske aprildagane. Møt motstandskvinna «Kess», som blei fange nummer 9149 på Grini, og sjå miniatyrtinga ho laga under fangenskapet. I utstillinga finn du mykje sjeldsynt og originalt utstyr frå soldatane på båe sider av konflikten.

Okkupasjonen av Noreg frå 9. april 1940 var starten på ein periode med store endringar for nasjonen, samfunnet og for folk flest, hendingar og endringar som var med på å forme kven vi er i dag.

Framleis er det krig i Europa og i nærområda våre. Dei brutale hendingane i Ukraina og på Gaza går inn på oss alle og set oss i berøring med eigne erfaringar og forteljingar om krig og okkupasjon. Nettopp difor er historiene frå krigsdagane her heime ein viktig inngang til meir innsikt og kunnskap.

Ved sida av utstillinga finn du fredsparken med minnestein over falne under den andre verdskrigen.

Omvising etter avtale.

Opningstider og anna

SOMMAR 15. JUNI TIL 16. AUGUST 2026
Alle dagar: 10:00–15:30
Elles ope etter avtale

Gudbrandsdal krigsminnesamling tek òg imot større grupper etter avtale

INNGANG SOMMAR
Vaksen: 100,-
Student og honnør: 90,- 
Born opp til 16 år: Gratis

TILKOMST
Gudbrandsdal krigsminnesamling, Linvegen 18, 2642 Kvam 

 

Arrangement i Gudbrandsdalsmusea

Utstillingar i Gudbrandsdalsmusea