Hopp til hovudinnhald

Gudbrandsdalsseminaret 2026

Velkommen til eit seminar der segn, tekstilkunst, litteratur og lokalhistorie blir vove saman, og der jakta på Hekneveven held fram.

Maihaugen Gudbrandsdalsmusea
22. mars 2026
10.30 – 16.00

Når: Sundag 22. mars
Kvar: Maihaugen / Lillehammer museum
Påmelding: her
Påmeldingsfrist: 16. mars
Pris: Deltakaravgift 150 kroner. Lunsj 240 kroner

Gudbrandsdalsseminaret er ope for alle

Program

10.30: Kaffe, lefserull og velkomen-mingling i foajeen.

11.00: Opningstale ved Kristin Brandtsegg Johansen, prosjektansvarleg og konservator for diktarheimane Bjerkebæk og Aulestad under Stiftelsen Lillehammer museum.

Folkevisa Marsk Stigs døtrer ved Kristin Akslen Hagen, folkesongar, folkemusikkarkivar og avdelingsleiar i Gudbrandsdalsmusea, og musikar Hanne-Kari Bakke.

11.10: Ein leik med tråde og fargo. Rakel Onsum Berg – bildevevaren på Dovrefjell, ved Hans-Jakob Dahl, tidlegare sokneprest i Dovre og tidlegare leiar av Pilegrimssenteret Dovrefjell.

11.35: Bildeteppe frå Gudbrandsdalen og segna om Hekne-systrene, ved Marianne Vedeler, professor i arkeologi ved Kulturhistorisk museum.

12.00: Lunsj med Hekne-meny, mingling og aktivitet i foajeen.

13.00: Utstillingsopning ved Kristin Brandtsegg Johansen, prosjektansvarleg og konservator for diktarheimane Bjerkebæk og Aulestad.

Folkevisa De bortstjålne kongsdøtrene ved Kristin Akslen Hagen, folkesongar og folkemusikkarkivar, og musikar Hanne-Kari Bakke.

13.10: Samtale om romantrilogien om Hekneveven ved forfattar Lars Mytting og Tormod Stauri frå Gudbrandsdal historielag.

14.00: Velkomen til utstillinga!

15.00: «Det var noe hun fant på der og da». Om rykte, segn, forteljekunst og vevkunst, ved Ida Tolgensbakk, folklorist og fyrstekonservator NMF Norsk Folkemuseum.

15.30: Avslutning og salma Gladelig vil vi halleluja kvæde (1524), ved Kristin Akselen Hagen, folkesongar, folkemusikkarkivar og avdelingsleiar i Gudbrandsdalsmusea, og musikar Hanne-Kari Bakke.

Velkommen!

Under arrangementet vil ulike aktørar demonstrere og formidle ulike vevteknikkar og tilverking av ull. Mellom anna kjem Kraftull frå Gausdal med norskproduserte produkt frå gamalnorsk spælsau.

Gudbrandsdalsseminaret er eit årleg fagseminar som set søkjeljos på historie, kultur og samfunnsutvikling. Seminaret fungerer som ein møteplass for både fagfolk og historieinteresserte, og har som mål å belyse aktuelle og historisk forankra tema gjennom føredrag og diskusjon. Arrangementet vert gjennomført i samarbeid mellom Gudbrandsdal historielag Dølaringen, Gudbrandsdalsmusea og Maihaugen – Stiftinga Lillehammer museum.

Arrangementet er støtta frå Sparebankstiftelsen

  • Hekneveven
    1/1
    Maihaugen