Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Heimebrenning

Velkomne til ein brennande kveld i Jutulheimen!

NB! Arrangementet har funne stad

Velkomne til ein brennande kveld i Jutulheimen!

Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
11. des. 2024
19.00

Velkomne til ein brennande kveld i Jutulheimen!

Her får de servert heimebrent frå eit historisk perspektiv, gode historier og fotobevis!

Erik på Sve fortel om den kjemiske prosessen, og det blir utstilling av diverse utstyr.Heimebrenning vart utbreidd i Noreg ut over 1700-talet. I 1743 vart heimebrenning lovregulert, og forbodet vart innskjerpa i 1760. Men gjennom grunnlova av 1814 vart det frå 1816 tillate å framstille brennevin for brukarar av matrikulert jord og for byborgarar med borgarbrev. Men som ei følgje av den sterke auken i bruken av brennevin, vart heimebrenning totalforbode frå 1842. Likevel har produksjon av brennevin halde fram, og spesielt fekk ulovleg handel med brennevin eit oppsving etter som den offentlege omsetjinga av alkohol vart avgrensa, spesielt i forbodstida i 1920-åra.

Inngang kr. 100 | inkludert kaffe og biteti

Arrangement: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea

  • 1/1
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2