I tiåra som følgde etter andre verdskrigen, var det slett ikkje vern som var det mest akta slagordet. Det var utbygging, utvikling og det å skaffe materiell velstand for folk som gjaldt.
Børne Norman, Olaf og Fredrik Heitkøtter evna betre enn dei fleste å sjå samanhengen i naturen, at alt har ein misjon og ei meining. Få kunne som Heitkøtter-brørne setje ord på naturstemningar. Gjennom både skrift og tale, film og bilete greidde dei å formidle sjølv innfløkte ting på ein lettfatteleg måte.
Norman (1924–2008) vart i 1953 tilsett som fjelloppsyn i Sel Fjellstyre, ein jobb han hadde i 40 år. Norman var banebrytande i å bygge opp fjelloppsynets rolle og ikkje minst omdøme. Han og Olaf var pionerar i naturforvaltingsarbeidet, ikkje berre i Nord-Gudbrandsdalen, men òg på landsbasis. Han starta arbeidet med å få verna Rondane, og i 1962 var den fyrste nasjonalparken i Noreg eit faktum. Norman vert kalla Rondane Nasjonalpark sin far.
Fredrik (1936–1990) arbeidde som handverkar og med jord- og skogbruk i ungdomsåra, før han tok realskuleeksamen som privatist. I 1962 la Fredrik fram eit fredingsforslag av Ottadals- og Romsdalsfjella for naturverninspektør Kristen Krogh. Omsynet til den verdifulle villreinstamma som var under oppbygging, og meir generelle naturvernomsyn låg bak forslaget. Olaf kom med det same forslaget i 1968, og året etter kom området med i naturverninspektøren sitt oversyn over verneverdige lokalitetar. Inspektørens innstilling bygde i stor grad på dei forslaga og argumenta som Fredrik hadde kome med.
Olaf (1928–2013) vart tidleg natur- og friluftsinteressert, og han meldte seg inn i Sel Fiskeforeining alt i konfirmasjonsalderen. Fiskeforeininga dreiv med utsetjing av yngel i elvar og vatn, noko som interesserte Olaf i særleg grad. Olaf vart Noregs fyrste heiltidstilsette fjelloppsynsmann, og han arbeidde med det i nærare 40 år.
Fotografering og filming vart følgt opp av forfattar-verksemd, der natur og friluftsliv var hovudtema. Han skreiv Reinheimen. Fra en fjelloppsynsmanns dagbok (1974), Trolltjønn (1979), Villrein og villreinjakt (1982), I lyset fra mitt bål (1985), De gav oss en arv (1990), Langs nære stier (1992), Vernetanker i vassdragsnatur (1994) og Et liv i norsk natur (2004).