Hopp til hovudinnhald

Helg med beltebil

Beltebilhelga i april er flytta frå Rondane til fjellheimen vest for Gudbrandsdalen av omsyn til villreinen. Velkomen til vårfjellets vakraste eventyr!

NB! Arrangementet har funne stad
Fefor Gudbrandsdalsmusea
28. – 30. mars 2025
00.00

Beltebilen har ein sentral plass i utvikling av turismen i fjellet. Ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i alle fjellstrøk som tek imot gjester vinterstid. Beltebilen er viktig både historisk og i dag – og i samband med utbygging og vedlikehald av kraftanlegg i fjellet. Denne helga inviterer vi til å delta i eller oppleve ei fargerik køyretøykaravane med stor breidde i historiske køyretøy. Undervegs legg vi vekt på formidling av pionertida, historier, hendingar og køyretøyhistorisk utvikling. Har du beltebil sjølv er du hjarteleg velkomen – og har du ikkje beltebil, men vil sjå, høyre, lære og kan hende sitte på hjå andre er du like hjarteleg velkomen.

Fredag 28. mars

Oppmøte for beltebilar og parkering av lastebilar og tilhengarar: Slangen gruve i Skåbu. Tidspunkt og adresse kjem.

Kl. 16:00 Karavane med beltebilar frå Slangen gruve i Skåbu. 
Kl. 17:00 Ruten og Dalseter. Stopp med formidling av reiselivshistorie.
Kl. 19:00 Fefor. Her tok Scott fleire utprøvingar av motorslede i forkant av ekspedisjonen til Sørpolen. 
Kl. 19:30 Fefor Høifjellshotell. Middag og overnatting på Fefor Høifjellshotell.

Laurdag 29. mars

Kl. 09:00 Frukost Fefor Høifjellshotell.
Kl. 11:00 Innkøyring alle brøytebilar på skistadion på Gålå. Vising av beltekøyretøy og foredrag. Sal av mat og drikke.
Kl. 14:00 Historisk beltebiltur frå Gålå via Toftsetra, Listulhøgda, Fagerhøy og retur om Lauvåsen og Jetningen.
Kl. 19:00 Middag og beltebilfest på Gålå. Overnatting tingar du gjennom Gålå Booking

Sundag 30. mars

Kl. 10:00 Felles avreise i karavane frå Gålå i retning Skåbu.
Kl. 13:00 Ankomst Slangen. Takk for no og heimreise på hjul eller belte.

Påmelding: Sjå Facebook-sida Beltebilens dag.

Arrangør: Beltebilens dag og Smuksjøseter

 

  • Beltebil
    1/1
Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2