Tone Hulbækmo gjev no ut ei solo instrumental harpeplate, den fyrste i sitt slag, med den norske harpa, ein folkeleg harpetradisjon som døydde ut midt på 1800-talet. Smått historisk!
Då ho tok med seg harpa inn i Tolga kyrkje hausten 2023 var det nøyaktig 40 år sidan debutplata hennar Kåmmå no.
Ingen veit sikkert kva og korleis dei spelte på instrumentet før i tida, så ho har frå fyrste stund skapa sin eigen spelestil, sin eigen teknikk, sin eigen tradisjon så å seia.
Harpa har vore med ho rundt i Norge og rundt i heile resten av verda. Tone har brukt den i ulike sjangrar som folkemusikk, verdsmusikk, mellomaldermusikk, viser, singer/songwriter-tradisjon og komponert nytt stoff for harpa. Nå har ho gått attende til tradisjonen ho kjem frå i Nordøsterdalen, eit av dei områda harpespelet levde lengst. Ho har spelt inn stoff ho har lært av mor og far sin, folkemusikk ho har samla inn frå gamle folk i bygdene i Nordøsterdalen og noko er henta frå boka Østerdalsmusikken. I tillegg har ho komponert ny musikk for harpa inspirert av tradisjonen, naturen og livet. Tone har også mykje å fortelja rundt stoffet, historier om bruken, om kjelder, om harpa, og likar å skape kontakt med publikum også på det viset, men musikken står i høgsetet.
Velkomen til ein sjeldan og stemningsfull konsert i Presthaugen
Fakta om konserten:
Kvar: Presthaugen/Lom, Brubakken 2
Når: Laurdag 16. august klokka 18.00
Billettar: 395 kroner – som du kjøper her!
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Tone Hulbækmo
- 1/1
Privat