Hopp til hovudinnhald

Husdyrdagen

Sundag 22. juni blir det samling av dyr og folk på Presthaugen i Lom.

Presthaugen Lom bygdemuseum
Fv55 124, 2686 Fossbergom, Norge
22. juni 2025
11.00 – 15.00

– Vi ynskjer å syne fram mangfaldet i landbruket i Ottadalen, og ikkje minst det som engasjerer born og unge, seier Oddrun Mo i produsentlaget i Tine Lom og Skjåk. Saman med Marit Sletten frå Lom Heimbygdslag og Knut Aastad Bråten i Gudbrandsdalsmusea er ho i full sving med førebuing av husdyrdagen.

Det blir hesteriding og kalvemønstring, lokking og ysting. Marit Sletten håpar mange barnefamiliar tek turen til Presthaugen denne gongen.

– Fleire og fleire veks opp utan kjennskap til husdyr eller kvar maten vår kjem frå. Husdyrdagen er difor eit fint høve for mange til å lære meir om dette, seier ho.

Programmet ser slik ut: 

Kl. 11.00-15.00: Dyr på tunet, aktivitetar for born og unge, ysting, separering og koking av prim, sal av mat
Kl. 11.00-11.30: Oppvisning av kjepphestriding
Kl. 11.30-12.00: Forteljarstund
Kl. 12.00-13.00: Kalvemønstring og ansiktsmåling
Kl. 13.00-14.00: Lokkekonsert med Karolina Westling og Irina Vogt Westling
Kl. 15.00: Avslutting

Velkommen! 

Arrangør: Lom Heimbygdslag, Tine Lom og Skjåk og Gudbrandsdalsmusea

  • Kyr
    1/4
    Yngve Ask
  • Kyr
    2/4
    Yngve Ask
  • Kinning av smør på Nedre Reindøl
    3/4
    Knut Aastad Bråten
  • Sau
    4/4
    Knut Aastad Bråten
Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2