Grønland: Jens-Pavia har segla som styrmann over heile Grønland, vore is-observatør, vandre- og kajakkguide på amerikanske basar. Han har vore guide i eiga bedrift, og drive moskus- og reinsjakt. Familien levde eit liv etter eigne verdiar og ynskje, inntil Grønlands Selvstyre starta si kampanje for å bygge ny flyplass i Nuuk og Ilulissat. Denne kampanjen førte heile befolkninga i området ut i maktesløyse.
Ein årelang kamp for å bli høyrt og sett som menneske starta. Kampen resulterte i at Jens-Pavia og familien ikkje ynskte at dottera skulle vekse opp i dette landet. Dei valde Noreg, og har sidan 2021 budd i Folldal. Jens-Pavia har sett landet innanfrå og utanfrå, og gjev ei personleg beretning om oppvekst, draumar og liv i eit fantastisk og unikt land.
Arrangementet er gratis!
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea – i samarbeid med Dovre folkebibliotek.
- 1/1
Privat