Tysdag 13. mai kjem Jakup Skjedsvoll på Aktivitetshuset på Otta. Han vil gje ei innføring i metodar, tilgjengelege databasar og verktøy i slektsgransking.
Presentasjonen rettar seg mot dei som har lite eller ingen kjennskap til systematisk slektsgransking. Men møtet vil og vere nyttig for dei med erfaring med emnet.
Jakup er leiar i Gudbrandsdal Slektshistorielag avdeling Nord-Gudbrandsdal. Du kan lese meir om slektshistorielaget her.
Fakta om kvelden:
Kvar: Aktivitetshuset, Johan Nygårds gate 17A på Otta
Når: Tysdag 13. mai klokka 19.00
Arrangør: Sel historielag
Vel møtt!