Hopp til hovudinnhald

Innlandsarkivet sine fire avdelingar i Gudbrandsdalen finn du lokalisert i Ringebu, Vågå, Skjåk og Dombås.

Gudbrandsdalsmusea er del av Innlandsarkiva, eit nettverk av museumsarkiv i Innlandet. Her tek vi vare på papirarkiv, fotoarkiv og musikkarkiv og gjer desse tilgjengeleg for alle interesserte. 

Innlandsarkiva (tidlegare Opplandsarkivet) er eit samarbeidstiltak om privatarkiv mellom Innlandet fylkeskommune og desse musea i Innlandet: Anno Museum, Gudbrandsdalsmusea, Mjøsmuseet, Norsk Vegmuseum, Randsfjordmuseet, Stiftelsen Lillehammer Museum og Valdresmusea.

Nettverket har endra namn og veks i omfang – både geografisk og i talet på medlemmer. Formålet er å styrke arkiva og arbeidet til arkivarane. Innlandsarkiva har lange tradisjonar som går tilbake til 1981.

Du kan lese meir om Innlandsarkivet her

Innlandsarkivet er ei mangfaldig kjelde til lokalhistoria. Her finn du eit breitt og spennande arkivmateriale frå heile Gudbrandsdalen. Våre arkivarar kan hjelpe deg med å finne fram i og tyde lokalhistoriske foto, arkiv og anna slektshistorisk material. Du kan og få hjelp til å lese gamal handskrift, samt få tilgang til kopiar eller avskrifter av det kjeldematerialet du treng for å drive med slektsgransking.

Kvar veke har museet ope publikumsdag for alle som vil dykke ned i slektshistoria.

Arkivet har tilgang til leseapparat for lesing av kyrkjebøker og folketeljingslister. Du kan be om å få lagt arkivmateriale fram til gjennomsyn, avskriving eller kopiering, viss materialet er i god nok stand til det. Arkivmaterialet kan ikkje lånast med heim.

Kjenner du til lokalhistoriske foto, video- og lydbåndopptak, arkiv, enkeltdokument eller lignande som du meiner det er verdt å ta vare på?  Vi kan hjelpe deg med å bevare materialet slik at det ikkje går tapt for ettertida.

Innlandsarkivet er samlingar av ei rekke privatarkiv. Desse kan bestå av samlingar av organiserte papirdokument som rapportar, korrespondanse og rekneskapar, men også foto og lydmateriale som intervju eller musikkspor. Dette er frå bedrifter, foreiningar og privatpersonar som har ein historisk verdi for samtida og framtidas generasjonar. Privatarkiva blir bevarte hjå dei ulike musea på vegner av samfunnet og er tilgjengelege for innbyggarane i den grad personvernlova opnar for det.

Privatarkiva ved Gudbrandsdalsmusea ligg i Ringebu, Vågå, Skjåk og Dovre. Arkiva fyller ein viktig funksjon i å bevare og formidle lokalhistoria og er ein arnestad for skuleelevar, historielag, foreiningar, slektsgranskarar, studentar, forskarar og andre som ynskjer å finne historisk dokumentasjon med lokal forankring.

Gudbrandsdalsmusea har eit samfunnsansvar for å dokumentere tidas ånd. Det er ønskeleg å bevare arkiv etter dagens bedrifter, foreiningar og privatpersonar.

Avdeling Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron

Innovasjonssenteret, Jernbanegata 4, 2630 Ringebu.

Onsdag 08.00–15.30, og etter avtale.

Avdeling Sel, Vågå og Lom

Edvard Storms veg 26, 2680 Vågå.

Tysdag 11.00–18.00, og etter avtale.

Avdeling Dovre og Lesja

Dovre folkebibliotek, Sentralplassen 3C, 2660 Dombås.

Onsdag 14.00–18.00, og etter avtale.

Avdeling Skjåk

Skjåk folkebibliotek, Moavegen 30, 2690 Skjåk.

Tysdag 10.00–15.00, og etter avtale.

Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2