Stemningsfull og tradisjonsrik julemarknad i Ullinsvin Vågå prestegard!Ei mengd salsboder byr på handlaga husflid, handverk og mat inne i galleriet og ute i tunet. Meir stemningsfull julehandel skal du leite lengje etter! Det blir juleverkstad for barn og vaksne, levande musikk gjennom heile helga, eventyrstund, griseslakting, smiing, bakst i Eldhuset og julekafè. Barneaktivitetar ved Vågå Speidargruppe.
PROGRAM
Laurdag 23. november
Kl 11.00-16.00: Julemarknad i Ullinsvin
Kl 11.00: Grisslakting i Inntunet
Kl 11.00: Alpakkaer på tunet
Kl 12.00: Minikonsert Borys og Mariia
Kl 14.00: Minikonsert Vågå Musikkforening
I hovudhuset: Juleverkstad for barn
Café Edvard er ope
Bakst i Eldhuset
Sundag 24. november
Kl 12.00-15.00: Julemarknad i Ullinsvin
Kl 12.00: Minikonsert
Kl 13.00: Minikonsert
Kl 14.00: Trekning av Ullinsvin-lotteriet
I hovudhuset: Juleverkstad for barn, julekransbinding for vaksne
Café Edvard er ope
Inngang: 50 kr for vaksne | Gratis for born opp til 16 år
INFO TIL UTSTILLARAR
Opningstida er laurdag 11.00-16.00 og sundag 12.00-15.00. Vi ser gjerne at de står begge dagane.
Rigging fredag: 16.00-19.00
Rigging laurdag: 08.30-10.00
Nedrigging sundag etter kl.15.00
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Samarbeidsutvalet for Ullinsvin, Lesja husflidslag og Vågå kommune