Endeleg skal eg på min aller første juleturne og eg håper verkeleg me sjåast der.
For meg er jula ei snøkvit bygd lengst oppe i ein dal, i vik, i enden av ein fjord. Jula ligg å ventar i ein avsides krok. Heilt innerst inne, når du følger ein vindskeiv veg, der snøen ligg som ei lysande teppe og speiler stjernelyset frå himmelen. Der i enden av vegen, der finns jula.
Det er ein plass som heiter heime. Hos familie og venner. Snille og fantastiske, merkelege og rare. Jula er ei stue, eit bygdehus, eit varmt rom der kjærleiken er rein og varm.
Eg skal gjera min aller første juleturne og den skal eg gjera på bygda. Dette er eit eventyr eg gler meg heilt utruleg til. Me skal vekke gamle grendehus, og me skal reise til alle dei flotte småstadane me har i dette landet. Og ikkje minst skal me kjenne på sjølve julefreden og gleda. Og aller viktigast, me skal feire det finaste me har: Kvarandre
Håpar å sjå dykk der.
Kjærleik frå Daniel
Dobbeltkonsert med innslepp kl 17:30 og 20:00
Sal av gløgg, kaffi og biteti
Inngang: 395,-
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea