Hopp til hovudinnhald

Jul i Ullinsvin

Stor og stemningsfull julemarknad med salsboder, husflid, handverk og mat. På tunet blir det aktivitetar for born, boder og bålkos. Inne i husa kan du finne salsboder og måleriutstilling.

Ullinsvin, Vågå
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
21. – 22. nov. 2026

Velkomen til stemningsfull og tradisjonsrik julemarknad i Ullinsvin - Vågå prestegard!

Ei mengd salsboder byr på handlaga husflid, handverk og mat inne i galleriet og ute i tunet. Meir stemningsfull julehandel skal du leite lengje etter!Det blir juleverkstad for barn og vaksne, levande musikk gjennom heile helga, smiing, bakst i Eldhuset, julekafè og barneaktivitetar.

PROGRAM (vil bli forandringar)

Laurdag 21. november

Kl. 11.00-16.00: Julemarknad i Ullinsvin
Kl. 14.00: Minikonsert

Hovudhuset: Juleverkstad for barn
Café Edvard er ope
Bakst i Eldhuset

Sundag 22. november

Kl. 12.00-15.00: Julemarknad i Ullinsvin
Kl. 12.00: Minikonsert
Kl. 14.00: Trekning av Ullinsvin-lotteriet UFLAX

Hovudhuset: Juleverkstad for barn, julekransbinding for vaksne
Café Edvard er ope

Inngang: 50 kr for vaksne | Gratis for born opp til 16 år

//

INFO TIL UTSTILLARAR

Tinging av bord:
400 kr for fyrste bord, 200 kr for ekstrabord
Bordet er 180x75cm (veggen kan ikkje brukast)
Send mail til Kristin: folkemusikk@gudbrandsdalsmusea.no

Opningstida er laurdag 11.00-16.00 og sundag 12.00-15.00.
Vi ser gjerne at de står begge dagane.

Rigging fredag: 16.00-19.00
Nedrigging sundag etter kl.15.00

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Samarbeidsutvalet for Ullinsvin, Vågå husflidslag, Ullinsvin og Vågå kommune