Dei ni historiske tømmerhusa i Jutulheimen er sette opp som inntunet til ein gamal storgard. Mellom anna to stover, ein stall med stalltrev og ei smie. Husa er frå 1600-, 1700- og 1800-talet og kjem frå ulike gardar i Vågå.
Jutulheimen er kalla opp etter næraste naboen, trollet Jutulen, som held til i berget innanfor Jutulporten rett nedanfor tunet. Eventyrsankarane Asbjørnsen og Moe gjorde Jutulporten kjend i heile Noreg då dei skreiv ned eventyret om «Jutulen og Blessomen» – som du i dag ser fleire landemerke etter i Vågå. Omvisarane våre fortel deg gjerne korleis det heile gjekk føre seg.
I Jutulheimen kan du etter avtale bli vist om i utstillingar om den legendariske fjellkaren Jo Gjende og den mest like kjende treskjeraren Jo Visdal, og dessutan ei utstilling om instrument frå heile Gudbrandsdalen.
Gjennom hausten og våren er det Kveldsseto i Jutulheimen, kulturhistoriske foredrag og arrangement. Alle er velkomne til å smake på tradisjonell mat og høyre spanande foredrag.
Opningstider og anna
SOMMAR
Bygningane og utstillingane i Jutulheimen blir opna ved avtale. Gå gjerne på oppdagingsferd i tunet.
INNGANG
Gratis
TILKOMST
Jutulheimen – Vågå bygdemuseum, Øvre Nordheradsvegen 97, 2680 Vågå
UTLEIGE
Du kan leige nokre av dei eldre husa på museet til selskap og andre samkomer. Ta kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon.