Hopp til hovudinnhald

Jutulheimen –
Vågå bygdemuseum

Bryllaup, dåp, konfirmasjon eller anna sosialt lag? Dei gamle stovene i Jutulheimen Vågå bygdemuseum er ei fin ramme om store og små hendingar i livet.

Øyastugu og Sundstugu

Øyastugu er ei stove frå 1700-talet med nyrestaurert kjøken i fyrste etasje. Stova er av tømmer kledd med panel innvendig. Stova er god og varm og kan og nyttast om vinteren. Det er plass til 30–40 personar.

Sundstugu er ei lafta tømmerstove frå 1700-talet. Fyrste etasje med stove og to rom blir leigd ut. Stova inneheld langbord med benkar og nokre stolar. Det er utstilt antikvariske gjenstandar i huset. Moglegheit for bruk av peis. Det kan dekkast på til 50–60 personar. Merk: I vintermånadane er stova vanskeleg å få varm.

Universelt tilrettelagt toalett i separat hus. Dersom ein leiger den eine stova, kan det vere utleige i den andre stova samtidig.

  • Jutulheimen
    1/1
    Tor Ivan Boine

Leigeprisar

Øyastugu 

Kvardagar i kontortid (09.00–15.00) – med kjøken: 1000 kroner
Måndag til torsdag, ettermiddag og kveld: 1500 kroner
Fredag, laurdag eller søndag, samt heilagdagar: 4000 kroner
Fredag (frå klokka 15.00 til søndag kveld): 6000 kroner

Sundstugu

Kvardagar i kontortid (09.00–15.00) – utan kjøken: 700 kroner
Måndag til torsdag, ettermiddag og kveld: 1000 kroner
Fredag, laurdag eller søndag, samt heilagdagar: 2500 kroner
Fredag (frå klokka 15.00 til søndag kveld): 3000 kroner

Prisar heile Jutulheimen
Kvardagar i kontortid (09.00–15.00) – utan kjøken: 1500 kroner
Måndag til torsdag, ettermiddag og kveld: 2500 kroner
Fredag, laurdag eller søndag, samt heilagdagar: 6000 kroner
Fredag (frå klokka 15.00 til søndag kveld): 8000 kroner

Tilkomst

Jutulheimen bygdemuseum, Øvre Nordheradsvegen 97, 2680 Vågå

Kontakt

Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2