Kaja Steen budde på Lesja prestegard i barndommen, frå 1844 til 1852. Ho reiste seinare til Düsseldorf og vart ein del av den store nordiske kunstnarkolonien der. Sidan vart ho kalla heim til Noreg og kunstnardraumen vart lagt i grus. Kaja døydde ung, berre 27 år gamal.
Utstillinga Kaja i Lesja prestegard er den fyrste utstillinga av etterlatne arbeid som har vore i eiga til slektningar, men som har vore spreidd for alle vindar i 150 år. Bileta blir vist i det som ein gong var barndomsheimen hennar.
Utstillinga blir vist i Lesja prestegard frå 17. til 25. august. Opninga 17. august er klokka 14.00.
Tidlegare på dagen – klokka 12.00 – er det vandreforedrag til den tidlegare husmannsplassen Sjåheim, rett overfor prestegarden. Seinare på dagen, klokka 17.00, er det konsert på museet med Tom Willy Rustad.