Når: Laurdag 9. august frå klokka 10.00 til 17.00
Kvar: Lesja bygdemuseum
Pris: 500 kroner
For kven: Unge og vakse – med og utan erfaring
Påmelding: Snarast – og til knut.aastad.braten@gudbrandsdalsmusea.no
Kolrosing er ein gamal skandinavisk dekorkunstform som handlar om å skjære inn mønster i ei treoverflate – for sidan å fylle linene med pigment. På 1800-talet pryda kolrosing trekvart million Toten-skeier i tre. I dag er kolrosing ein truga kunstform.
Til kolrosing blir det brukt ein veldig liten kniv til å skjere linjene i treverket. Sidan blir ei blanding av malt kanel og olje gnidd inn i treverket. Kolrosing krev ikkje spesialverktøy, styrke eller eit fancy studio. Faktisk kan du gjere kolrosing i fanget, heime hjå deg sjølv – og du kan bere med deg alt du treng i ei lita taske. Enkelt og lettvint.
Kolrosing-kunstnaren og folkloristen Liesl Chatman lærar bort knivteknikkar, som til dømes å skjere bokstavar, kantar, mønster og illustrasjonar. Kolrosing-knivar og andre verktøy er tilgjengeleg for utlån i løpet av kurset eller for kjøp. Tidlegare erfaring med trearbeid er nyttig, men ikkje naudsynt.
Liesl er ein kjent kolrosar, skeiskjerar og lidenskapeleg lærar. Ho var folkekunstnar i residens ved University of Wisconsin–Madison i 2023 og American Scandinavian Foundation Fellow i 2024.
- 1/3
Privat - 2/3
Privat - 3/3
Privat