Nedbygginga av fjellet er ei aktuell problemstilling her heime. Rundt om i verda er det krig og uro. Over det heile trugar ei global klimakrise sjølvforsyninga og bevaringa av matjorda i mange land. Kva gjer vi for å sikre naturen og kulturen for framtida? Velkomen til konferansen naturkrise = kulturkrise på Maihaugen på Lillehammer 28.–29. oktober 2024. Til seminaret kjem James Rebanks – sauebonde og bestseljande forfattar frå England. Det same gjer bloggar og vaktbikkje Anders Nordstad, stjernekokk og Credo-eigar Heidi Bjerkan, statssekretær Kjersti Bjørnstad (SP) og mange, mange fleire.
Stad: Maihaugen - Maihaugsalen, Maihaugvegen 1, 2609 Lillehammer
Tid: Måndag 28. til tysdag 29. oktober 2024
Målgruppe: Alle med interesse for natur og kultur i endring og utvikling
Pris: Kr 800,- (inkl. lunsj)
Arrangørar: Maihaugen, Valdresmusea, Randsfjordmuseet, Gudbrandsdalsmusea og Anno – Museene i Hedmark. Konferansen er ein del av programmet «Eit skigardsdele – frå stølskultur til hytteindustri», som er støtta av Kulturdirektoratet.
Påmelding og lenke til program her
Programmet har økonomisk støtte frå Kulturdirektoratet