Hopp til hovudinnhald

Konsert | Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga er ein folkekjær visesongar og gardbrukar frå Vinje i Telemark. No kjem han og makker Åsmund Reistad på Øygarden på Sel.

Øygarden, Sel Gudbrandsdalsmusea
12. juli 2026
19.00 – 21.00
Kjøp billett

Aasmund hentar det meste av repertoaret sitt på heimebane. Det vil seie: Gamle viser blir friska opp att med nye arrangement eller ny melodi, med god hjelp av nære musikkvener. Visene har gjerne ein god historie, eller ei god dose livsvisdom. Særleg har samarbeidet med Åsmund Reistad bore frukter. Reistad er som regel fast fylgje, og i ei utvida besetning finn ein gjerne trøorgel, fele og kontrabass. Her er både alvor og skjemt. Uhøgtidleg og laus snipp, men med ei seriøs tilnærming til stoffet, kan kanskje vera ein god karakteristikk av ein konsert med Aasmund.

Den siste soloplata, Guten, inneheld i sin heilskap tekster av diktaren Aasmund Olavsson Vinje, der ein kan seie at Aasmund, med svært god hjelp av bror Odd, har blåst nytt liv i nokon av Vinjes beste dikt.

Aasmund har vore nominert til Spellemannsprisen to gonger, og han har gjeve ut mange plater – solo og saman med andre.

Kvar: Øygarden, Sel sundag 12. juli klokka 19.00
Pris: 395 kroner

Klokka 18.00 same dag er det foredrag om bygningsvern med Edvin Espelund – også det på Øygarden. Sjå eige oppslag.

Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea, Fortidsminneforeininga i Norddalen og Øygarden kulturgard

Velkommen!

 

  •  Aasmund Nordstoga
    1/1
    Marcel Leliënhof