Hopp til hovudinnhald

Konsert | Aslak Brimi og Hallgrim Haug

Vel møtt til lanseringskonsert på Lesjaverk gard.

NB! Arrangementet har funne stad
Lesjaverk gard Lesja Bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
22. nov. 2024
19.00 – 21.00

Felespelarane Hallgrim Haug frå Vågå og Aslak Brimi frå Lom inviterer til ein konsert med slåttemusikk etter storspelemannen «Uppheimin» – Ola Opheim (1920–2003). Med på konserten er òg journalist og forfattar Even Lusæter, som vil fortelje og setje ljos på spelemannslegenda. Dei tre karane lanserer no boka og CD-en «…og Ola han var stjerna!» – om humoristen og virtuosen frå Vågå.

Ola Opheim var ein av dei største tradisjonskjeldene i Vågå og Ottadalen, og var ein kunnskapsrik, engasjert og venesæl spelemann, som var aktiv over mange tiår. Han var spesielt kjent for eit drivande godt dansespel, om det så var slåttespel eller gammaldans med trekkspelar Oddvar Nygaard.

Vel møtt til musikalsk kveld på Lesjaverk gard. Adresse: Verksvegen 26, 2667 Lesjaverk.

Inngang: 100 kroner.

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea

  • Aslak Brimi
    1/1
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2